Å reise til Ghana er ikkje like fort gjort som ein Sverige-tur, berre for å ha det sagt!
Dei siste vekene har gått med til diverse forberedelsar, og denne veka før me reiser har me prøvd å få dei siste detaljane på plass.
Det er mykje som skal tenkjast på, og her er eit lite utdrag:
- fylle ut alle naudsame papir (ein heil haug!)
- søkje, og få, visum
- gjere ferdig eksamen og bacheloroppgave (ganske vesentleg, men til tider vanskeleg å konsentrere seg om...)
- pakke minimalt og praktisk
- ordne alle ting her heime som eigentleg skulle blitt ordna den neste mnd
- ta alle viktige vaksiner (hos koselege damer)
- bruke ein formue på apoteket (blir me sjuke no, så er det verkeleg meininga at me skal bli sjuke!)
- gjere innkjøp av ting me vil få bruk for
- stresse litt fordi passa ikkje er komen i retur frå den Ghananesiske ambasaden...
- lese om landet me skal til
- pakke om igjen fordi me har kome på nye ting me MÅ ha med, og andre ting me sikkert ikkje får bruk for likevel
- få sjå familiane våre, svigerfamiliane og kjærestane våre mest mogleg
- vere litt med venner, og irritere oss over at me ikkje rekker/får moglegheit til å sei hei og hade til alle me vil sei hei og hade til
- innstille oss på det som møter oss etter den ti timar lange flyreisa på søndag
- bli letta når passa (forhåpentlivis) kjem i posten i morgon!
...og mykje meir som eg ikkje kjem på i farten.
Men alt går vel i boks til slutt, reknar eg med. Og alt me ikkje rekker å gjere før laurdagen kjem og reisa vår startar, får det berre vere med. Tur blir det nok uansett:)
-Brit-
torsdag, juni 12, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar