Det har seg slik at me er heldige og har ein familie som alltid stiller opp for oss, og støttar oss i det me gjer. Eit av mange gode eksempel på dette er då Mamma Marit nylig tok seg ein runde rundt på butikkar og bedrifter, og forhøyrde seg om dei hadde interesse av/mulighet til å sponse barneheimen me skal til. Det vere seg med leker, klær, nytteting eller pengar som me kan bruke på det me ser manglar der.
Og responsen var enorm!
Totalt så fekk ho samla inn (og det på 1-2-3) ein stor haug med barnekleder i alle nødvendige størrelsar, kulepennar, leker, pengar, spel, og mykje anna kjekt me no er på veg ned til dei med.
Og då kjende og kjære fekk høyre om dette, så starta jammen meg kronerullinga, og totalt (frå både bedrifter og privatpersonar) så har me no over 7000 NOK som me skal bruke på barneheimen! Heilt utruleg!
TUSEN TAKK TIL ALLE SOM HAR BIDRATT, -både med ting, kleder og pengar!
Me pakka koffertane og ryggsekkene til randa, og gleder oss stort til å gi det til dei små som treng det så sårt.
Sjølv om dette resultatet gjekk over all forventning, vil me likevel vere freidige nok til å føye til: Dersom du har lyst til å bidra med nokre kroner til denne barneheimen, så er du velkommen til å ta kontakt med Pappa Truls-Inge Dahl for å få kontonr. (evt. sende oss ei mld)
Me vil vurdere kva det er mest bruk for der, og bruke pengane deretter.
Nok ein gong: TUSEN TAKK!
(Og ja: No er me altså på veg; står på Gardemoen og skriver no. Natta blir tilbrakt her, før reisa fortsetter til Ghana (via Frankfurt) i morgon tidleg(!) Fortsettelse følger...)
:)
-B-
lørdag, juni 14, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hei.
Eg skulle skriva ein kommentar på dette innlegget, men gjorde ein feil slik at det vart lagt under innlegget "Her skal me bu", så de får sjå der
Helsing pappa
Legg inn en kommentar